1. mars 2009, vart Ulstein Trekkspelorkester stifta på initiativ frå Linda Elin Nygård. Medlemane bestod av elevar frå Kulturskulen i Ulsteinvik.
23.09.2009, opna orkesteret også opp for vaksne medlemmar, og skifta navn til Ulstein Trekkspelklubb.
Klubben har 13 medlemmar i aldersgruppa 10-85 år. Alle har trekkspel som hovudinstrument, men får god hjelp frå fele, gitar, bassgitar og slagverk.
6 mnd. etter oppstart, deltok klubben i distriktsmeisterskapet på trekkspel i Møre og Romsdal lag av Norges Trekkspelforbund, som 20. mars 2010 vart arrangert på hotell Seilet i Molde. Til glede og ny inspirasjon, markerte klubben seg med å ta 2.plassen i klassa for underh.musikk.
Under DM 19 mars 2011, på Sjøborg i Ulsteinvik, markerte klubben seg ytterligare med å ta 1. plassen og bli distriktsmeistrar i klassa for underh.musikk.
Vårt ynskje med klubben.
Me har eit unikt instrument å spele på, som formidlar positiv og glad energi til publikum. Me vil vere bevisste på dette og utnytte det maksimalt, med val av repertoar og samarbeidsp.
Me ynskjer at UTK skal vere assosiert med ei glad og positiv oppleving, og at ei stund med oss skal bli ein opptur for publikum.
UTK på facebook !!