ULSTEIN TREKKSPELKLUBB

2 sølv til Ulstein trekkspelklubb og gull til Joakim på DM i Surnadal.

1 GULL OG TO SØLV

Distriktsmeisterskapet på trekkspel i Møre og Romsdal, vart 09 - 11 mars avholdt på Vårsøg Hotell i Surnadal. Arrangør var Nordmørstreffen i regi av Norske Trekkspilleres Landsforbund - NTL.

Ulstein Trekkspelklubb tok 2 sølv. Eitt i klasse for underhaldning og eitt i gammaldans. I Gammaldans vart det delt 2. plass med Ørskog og Omegn Trekkspelklubb.

Joakim Nygård Jørve, ein av dei unge i Ulstein Trekkspelklubb, hadde ei serdeles fin framføring, og var ein av dei som tok gull blant unge solistar.

Gullet i underhaldning gjekk denne gongen til Ørskog og Omegn Trekkspelklubb, mens Gullet i gammaldans gjekk til Åmdal Trekkspelklubb.

Sjå Vikebladet

TREKKSPELET SKAPTE HØGTID I KYRKJA

På den årlige julekonserten til Ulstein Kulturskule, fekk elevane vist sitt talent.
Trekkspelorkesteret fekk vist at trekkspelet er eitt fint juleinstrument, og hausta stor applaus då dei framførte "Mitt hjerte alltid vanker." Joakim Nygård Jørve sitt solistinnslag "Hymne," markerte også trekkspelet sin spennvidde denne kvelden.

Linda Nygård starta opp trekkspelunderv. i 2007, og har no 14 elevar i alderen 10 - 15 år.

TRIVELEG SANG- OG MUSIKK-KAFÉ PÅ HADDAL GRENDAHUS

Ulstein Trekkspelklubb og Ulstein Mannskor, har fortsatt eitt godt samarbaid. Sundag 20 nov. invitererte dei til sang- og musikk kafé på Haddal
Grendahus.            Videoklipp!

Mange benytta seg av anledninga til å nyte ettermiddags-kaffien til humørfylt song og musikk.

VELLUKKA TREKKSPELHELG I HORNINDAL

Helga 14 - 16 okt. 2011, var det trekkspelhelg på Hotell Raftevold i Hornindal .

Ulstein Trekkspelklubb deltok på konserten kl. 15 laurdagen.

 Om kvelden var det dans i to salar, der fleire orkester spelte på skift.

GJENTOK SUKSESSEN I 2010

Ulstein Trekkspelklubb og Ulstein Mannskor, samarbeidet også i anledning Trebaatfestivalen 2011.

Fredag 19. aug. kl. 17 underholdt dei på Blåhusscena i  Ulsteinvik sentrum.

Trekkspelklubben og Mannskoret held fram samarbeidet. (Vikebladet)


Videoklipp frå Blåhusscena 2010
(Vikeblad)

Her er Blåhusscena!

Trebaatfestivalen!

UTK DISTRIKTSMEISTRA I 2011

Under DM på trekkspel  i Ulsteinvik 19. mars 2011, (kart)vart Ulstein Trekkspelklubb distrikts-meistra i klassa for underh.musikk. Ein av dei unge i klubben, Joakim Nygård Jørve, tok 1. plassen i klassa for solist t.o.m. 11 år.

Sjå video og meir info om UTK på Facebook

Gull til Ulstein Trekkspelklubb!  Vikebladet

Vellykka trekkspel-DM  Sunnmørsposten

LITT OM ULSTEIN TREKKSPELKLUBB

1. mars 2009, vart Ulstein Trekkspelorkester stifta på initiativ frå Linda Elin Nygård. Medlemane bestod av elevar frå Kulturskulen i Ulsteinvik.
23.09.2009, opna orkesteret også opp for vaksne medlemmar, og skifta navn til Ulstein Trekkspelklubb.

Klubben har 13 medlemmar i aldersgruppa 10-85 år. Alle har trekkspel som hovudinstrument, men får god hjelp frå fele, gitar, bassgitar og slagverk.

6 mnd. etter oppstart, deltok klubben i distriktsmeisterskapet på trekkspel i Møre og Romsdal lag av Norges Trekkspelforbund, som 20. mars 2010 vart arrangert på hotell Seilet i Molde. Til glede og ny inspirasjon, markerte klubben seg med å ta 2.plassen i klassa for underh.musikk. 

Under  DM 19 mars 2011, på Sjøborg i Ulsteinvik, markerte klubben seg ytterligare med å ta 1. plassen og bli distriktsmeistrar i klassa for underh.musikk.

Vårt ynskje med klubben.
Me har eit unikt instrument å spele på, som formidlar positiv og glad energi til publikum. Me vil vere bevisste på dette og utnytte det maksimalt, med val av repertoar og samarbeidsp.

Me ynskjer at UTK skal vere assosiert med ei glad og positiv oppleving, og at ei stund med oss skal bli ein opptur for publikum.   
       UTK på Facebook

STØTT OSS GJENNOM GRASROTANDELEN

Tippar du, spelar Lotto eller Joker? 
Då kan du automatisk la intill 5% av det du spelar for, gå til klubben vår utan at det kostar deg noko!

Grasrotandelen , er ei ordning frå Norsk Tipping.
Der kan du som registrert spelar, velge eitt lag eller ein forening du ynskjer å støtte - din Grasrotmottakar.

Gjer oss til din Grasrotmottakar ved å oppgi vårt org.nr.:    994080997

Informasjonsfilm!

Gå til GRASROTANDELEN og registrer oss.

Takk til alle som støttar oss!

VELKOMEN SOM STØTTEMEDLEM

Medlemskapet kostar kr. 200 pr. år. Ta kontak via kontaktsida vår, eller send kr. 200 til konto 3910 37 84577 og merk "Støttemedlem." (Husk navn og adresse.)
Som støttemedlem, støtter du opp om klubbens kulturelle tiltak og får redusert bilettpris i einkelte anledningar.

TAKK TIL VÅRE SPONSORA

Sparebanken Møre     Rolls Royce Marine A.S      Ulstein Kommune                    Sparebank1    Tussa     Ulstein Group                           Jets 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

WILLIAMSK | Svar 16.10.2010 20.29

eg å , eg liker hjemmesiden og klubben sitt arbeid med å stå for noko anna en å bare tenke på seg sjølve, men å spre glede blant folk rundt på sunnmøre

PEDER K | Svar 05.08.2010 10.45

Vi gjev Trekkspelet en tjangse i dei mange musikktilbud i Ulsteinvik.

Kåre B 11.08.2010 11.03

Ja eg er glad for at her er komen ny trekkspelklubb.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

01.06 | 16:14

bra:)

...
15.11 | 07:16

Takk so mykje!
Kjekt å bli teken inn i varmen inne i Åmdale!

...
13.11 | 16:23

Kjekt med ny klubb i Ytre :) håper på mykje kjekt ilag ! helsing inna Åmdale :)

...
16.10 | 20:29

eg å , eg liker hjemmesiden og klubben sitt arbeid med å stå for noko anna en å bare tenke på seg sjølve, men å spre glede blant folk rundt på sunnmøre

...
Du liker denne siden